For ei veke sidan møtte Klara Bakke, Randi Nybakk og Karin Saghaug frå Uskedal Helselag fram på Rosendalstunet. Med seg hadde seks terapikattar som skal vera ei gåve til Rosendasltunet. Gåva har ein verdi på kr. 21 000,-. Midlane kjem frå inntekter i Helselaget har hatt gjennom året.

Terapikattar er utvikla særleg innan geriatri. Katten med alle sine eigenskapar har god langtidseffekt, mellom anna for dei med demens. Kattane er med på å lindra psykisk og fysisk uro. Gamle minne vert friska opp. Forsking syner at terapikattar med vivrering og lyd fører til lågare blodtrykk og auka trivsel.

Klara Bakke frå Uskedal Helselag oppmodar lokale verksemder om å vera med i dugnaden for å skaffa institusjonane fleire terapikattar. Kostnad pr. stykker kr. 3 500,-.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Kjelde/foto: Grenda - Gina Eriksen Albrethson