Kommuneoverlegen bed oss tenkja nytt og annleis omkring dette med julebukkane på døra. Det kan vera at ein legg inn ei markering privat i eige hus og at ein ikkje går i flokk og fylgje frå hus til hus. Eit alternativ kan vera at ein ikkje bankar på og går inn, men tek av snop og anna julegodt som er sett ut på trappa. Trettande dag jul er onsdag 6. januar.

Kva tenkjer du om å gå julebukk i år ? Bør vi berre hoppa over denne tradisjonen i år, eller har du gode framlegg til ei gjennomføring på ein praktisk og trygg måte.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal