Då stormen «Amy» herja som vilt her heime i Noreg i oktober, sette Kristine Hestad og Jan-Ove Fagerheim seg på eit fly som tok dei like til Etiopia. Her fekk dei vera med på ei «Mobiliseringsreise» for Kirkens Nødhjelp; Kunnskap og inspirasjon skulle tileignast i forkant av årets Fasteaksjon som konfirmantane våre skal få vera med på i mars.

Reisefylgjet frå Noreg talde 13 stk, og saman fekk dei reisa rundt og sjå mange av dei prosjekta som Kirkens Nødhjelp driv, eller støttar, i landet med meir enn 130 mill innbyggjarar. Det vart kontrastfulle dagar. Heime fekk dei meldingar om velta trær, straumstans og mangel på vatn pga stormen. (Ingen visste då kva skadar «Amy» gjorde på kyrkja i Uskedalen)

I Etiopia fekk dei møte folk som på sett og vis kjenner på slike «krise-tilstandar» kvar einaste dag; Tørke og mangel på reint vatn, dårlege sanitærtilhøve, stor arbeidsledighet og ei kraftig skeiv-fordeling av godene. På onsdagens temakveld i Gamleskulen i Uskedalen, vil Kristine og Jan-Ove dela av sine opplevingar.

Gjennom video og bilete frå turen vil dei fortelja om eit møte med folk som midt i ein utfordrande kvardag har fått eit nytt liv og håp for framtida. Det viser at det nyttar! Hjelpa kjem fram!

Velkomen på Temakveld onsdag 11. februar kl 18.00 i Gamleskulen i Uskedalen!

Temakvelden vert gjennomført i samarbeid med Uskedal sokneråd.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal