I innstillinga frå kommunedirektøren om detaljregulering for Børnes Næringsområde tek ein naustområde i Mørkevågen ut av planen. Årsaka skal vera habilitetstilhøve ettersom ein i administrasjonen har ein privat relasjon til ein av nausteigarane. Difor er planframlegget justert. Naustområde vert fremja som eiga sak ved eit seinare høve. Planforslaget er sak i Plan, teknikk- og miljøutvalet i dag, tysdag 2. mars.

Planforslaget er justert noko etter høyringa og offentleg ettersyn. Det er mellom anna regulert inn eit hamneområde i sjø ved eksisterande og planlagd kai i aust. Byggjehøgda i nordaust er redusert med ein meter og det er lagt inn justeringar kring dette med knuseverk. Steinknusinga bør gjerast av godkjend knuseverk i kommunen eller fraktast til godkjend byggeplass. Bakgrunnen er mange merknader kring dette med støy og støv.

Det er laga føresegner som mellom anna regulerer det som går på forureining, støykrav, avkøyring til FV 500 og landskap og estetikk.Planforslaget er i store trekk i samsvar med kommuneplanen. Det er ikkje krav til konsekvensutgreiing. Dei to bustadtomtene er regulert til næringsføremål, slik det var i den gamle reguleringsplanen.

Dronebilete av Børnes Næringsområde slik det tilnærma ser ut i dag.

Det er 27 merknader til planen, 7 frå offentlege instansar og 20 private merknader. I tillegg kjem merknader etter dialogmøte med Statsforvaltaren. Alle innspela er lagt inn i eit merknadsskjema med kommentarar.

Dersom utvalet behandlar planen i dag, vert den sendt vidare til Kommunestyret for endeleg vedtak.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå planen / Frode Eidsvik