THK stifelsen har i 25 år stått for innsamlingar og hjelpsendingar til byrar i Ukraina. Tormod Myklebust har sidan 2007 vore primus motor for innsamlinga i Kvinnherad i tillegg til å vera sjåfør og ansvarleg for transporten to gonger i året. Leif Jarle Bergsø har vore med som sjåfør og sidemann. No er Ukraina i ein ekstrem kritisk situasjon. Folket treng alt av utstyr, slik som klede, sko, kjøkkenutstyr, sengkle, madrasser og mat. Oppmodinga til Tormod og Leif Jarle er: Finn fram og start pakkinga no. Meir om sjølve innsamlinga kjem i eigne innlegg på uskedalen.no.

På kartet finn vi byen Korosten der THK stiftelsen har fast levering fleire gonger i året.

Tormod Myklebust har dagleg kontakt med leiinga i THK stiftelsen, det same med vener og kjende i Korosten, byen som ligg 14 mil nordvest for Kyiv og heller ikkje langt frå Tsjernobyl. Leif Jale og Tormod var ein heil dag i Tsjernobyl, byen med atomreaktoren som russarane no har kontrollen over. Hjelpesendingane til Korosten går til barneheimar, sjukehus, eldresender og til fangar i fengsel. Uzhorod på grensa til Slokvakia er ein anna by der dei har vore med hjelpesending. Tormod fortel at han kjenner mange av plassane som vert synte på TV om dagane.

Ukraina er i ein ekstrem vanskeleg situasjon. Verre vart det etter 2014 med annekteringa av Krim og etter det mykje uro i landet. Prisane er høge i høve til inntektene. Butikkane er tomme for mat og delvis stengde. I Korosten har det vore bombing og born og vaksne har søkt tilflukt i bomberom og på T- banen.

Dersom alt går etter planen, kan det bli ny hjelpesending i april, anten ved køyring i trygg korridor fram til leveringsplassen eller ved omlasting på grensa. Hjelpa vil også gå til flyktningar som er på veg vestover.

Dei som alt no vil gje si støtte, kan bruka VIPPS 84346 eller konto: 3361.10.25756. For meir informasjon: Sjå THK på internett. thk.no og på Facebook.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal