Då robotklypparen på Heio slutta å virka i mai, måtte vi finna ein annan måte å få slått banen på. Vi var så heldige å få låna klypparen til fotballgruppa i Rosendal nokre dagar slik at vi fekk starta. Denne maskinen er stor så vi måtte ha hjelp med transporten Vi tok kontakt med Tor Gundersen i firmaet Thord Paulsen AS. Både Tor og Thord stilte seg positive til detta med ein gong. Dei henta maskinen i Rosendal og leverte han tilbake nokre dagar etterpå.

I neste veka blir den nye robot klypparen installert på Heio, så då skal banen bli klar til sommarferien. Og då er det berre for laga å ta Heio i bruk, det er kjekkast å spela fotball på gras.

Av ulike årsaker har ikkje Heio blitt klypt så mykje dei siste vekene, så det var litt å ta igjen slik at roboten kan starta på jobben. Så då fekk vi låna maskinen til Rosendal ein gong til, og trur du ikkje Tor og Thord stilte opp igjen. Dei henta maskinen i Rosendal på fredag, den faste slåttekaren Steinar Haugland klypte på kvelden og Thord Paulsen & co leverte maskinen tilbake igjen på laurdag.

Takk til Tor og Thord i Thord Paulsen AS. Kjekt at lokale firma stiller opp for byga og hjelper til der dei kan.

Rosendal Turnlag skal og ha takk for lånet av klypparen.

Tekst/foto: Triond Myklebust
Nett: Kristian Bringedal