14 år som dirigent i Uskedal skulemusikk. Det er historisk. Tor Skeie Olsen kan med dette syna til lengst tenestetid av dei som har vore musikalsk leiar i laget si soga. Våren 2010 kom Thor Inge Døssland og styret på døra til Skeie Olsen og bad han om å ta dirigentansvaret for skulemusikken i Uskedalen. Med oppstart i august 2010 har det no gått 14 år, men som Tor sa på avslutninga i kveld: Det er ei tid for alt.

Tor Skeie Olsen – 14 år som dirigent i Uskedal skulemusikk.

Tor Skeie Olsen fortalde om tida med skulemusikken, 14 år i takksemd og med mange gode minne. Eit korps vil alltid vera i medgang og motgang. Medlemstalet har vore alt frå berre fem musikantar til 20 på det meste. Han takka foreldregruppa for god tilrettelegging og støtte. Samhald og samarbeid er det som skal til for å lukkast. Samarbeidet med Rosendal skulemusikk har vore og er nyttig.

Tor har ikkje talet på alle musikantane som har vore innom skulemusikken i hans tenestetid, men det er mange. Nokre sluttar med korpsmusikk, andre går vidare og nokre tek musikkutdanning og spelar i korps på høgt nivå.

Styret takka Tor Skeie Olsen med gode ord og karikaturteikning av Slettebø.

Fire medlemer vart tildelt 3 års merke. Kjem som eige innlegg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal