På konstituerande styremøte på Stemneplassen i Uskedalen i går vart Audun Eik takka for arbeidet han har gjort som styreleiar og styremedlem i Kvinnherad Sogelag over mange år. Lars Jostein Rørvik sa fram helsing og overrekte blomar. Ny kasserar i laget vert Cort Holtermann frå Utåker, og Eva Røyrane frå Ølve vart vald til nestleiar. Laget har ikkje lukkast med å finna ny styreleiar.

Styret i Kvinnherad Sogelag er med dette:

  • Egil Vaage
  • Frode Sæbøe
  • Lars Jostein Rørvik
  • Oddvar Solheim
  • Eva Røyrane
  • Karen Gram Nygård
  • Cort Holtermann går fast inn i styret

Varamedlemer: Astrid Haugse, Audun Eik, Malena Aasen og Sigmund Spelkavik.

Revisorar: Kjell Ottar Bauge og Terje Fonneland

Årspengar: Som no – kr. 200,- ( kr. 300,- for ektepar )

Tekst/nett; Kristian Bringedal
Foto: Kvinnherad Sogelag