Tak øve håve
Ved Uskedal aktivitetspark har det måndag vært dugnad for prosjektet Tak øve håve. Containeren er no åpna opp og det er satt inn benker. Bilete syner dugnadsgjengen som tek seg ein pust i bakken i contaieren. Frå venstre: Gaute Moberg, Mathias, Per Håkon og Runar.
Gull av grus ved Uskedalen idrettslag har fleire prosjekt på gong. Eit av prosjekta som heiter “Tak øve håve”, handlar om å gje tak øve håve for dei som oppheld seg i aktivitetsparken. Med vestlandsklima og våte dagar, kan denne containeren få barn og unge ut tross vær og vind, håpar vi. Vi har også sett eit behov for foreldre som fylgjer barna til å ha ein plass å setja seg medan dei venter.
Vi jobbar med å få lys på plass snarleg, både inni containeren og rundt aktivitetsparken. Fram til dette er på plass, lyt ein bruka lysa til kunstgrasbanen om ein treng.
Vi håpar at dette tilbodet vert tatt godt i mot, og at foreldre minner barna på at dei ryddar opp etter seg, og gjer dette til ein hyggeleg stad å komma. Vi i prosjektgruppa takkar hjelpsame foreldre for god dugnadshjelp og håper at fleire vil engasjera seg i arbeidet vidare i aktivitetsparken.
Tekst/nett: Marianne Korsvold Foto: Per Korsvold