Sitatet er henta frå Solomons ordspråk og Kong Harald brukte det i eit program for ei tid sidan. Slik avslutta sokneprest Kjersti Brakestad talen sin på 17. mai gudstenesta i Uskedalen i dag. For å vera sikker på smittefaren, var gudstenesta ute på kyrkjetrappa. Med god lyd og tonefylgje av kantor Eva Megyesi på elpiano var dette ei god løysing i det fine veret.

Det var ikkje så mange som fann vegen til kyrkja i dag. Mange er sikkert usikre på kva ein har lov til. Inne gjeld meterregelen. Ute står ein langt meir fritt til å samlast om ein berre held avstand og sit med sine i kohorten.

I talen sin understreka presten at det har vore eit tøft år for mange. Då er det viktig å vita at det er styrke i motgang og at vi treng Jesus gjennom heile livet. Diktaren Ronald Fangen vart straffa i krigsåra fordi han skreiv og tok eit oppgjer med både kommunismen og nazismen. I dei vanskelege åra sa han: Jesus heldt uansett vanskar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal