Boksal, idèutveksling og informasjon om utvandrings-prosjeket og arbeidet i laget elles.

På Bygdadagen på laurdag er det ein svært god anledning til å bli betre kjend med arbeidet i det relativt nystarta laget Uskedal Historielag. På standen til laget vil det vera både representantar for styret i laget og skriftstyret. Svært interessant er det at Torkel Stensletten er til stades. Som mange veit, er han godt i gong med eit storarbeid om utvandringa frå Uskedalen til Amerika som vil resultera i bok. Han har svært god oversikt, og for dei som har spørsmål, tips, bilde og interesse når det gjeld dette temaet, ligg alt til rette for interessante og oppklarande samtalar.

Vi veit også at mange har interessante bilde i album, skuffer og skap heime. Vi oppfordrar alle til å legga slike bilde i ein konvolutt med namnet på slik at historielaget kan få låna dei og skanna dei til arkivet som er under oppbygging. Ikkje tenk for mykje på om tema er interessant, for det er det meste, og dei som har ansvar for skanninga, kan gjera eit utval. Likevel nemner vi nokre tema med tanke på komande bøker:

  • Utvandringa til Amerika
  • Gardsarbeid i eldre tider, og skogplantinga
  • Hermetikkfabrikken og Tippehuset
  • Strandstafetten og Uskedalsdagane
  • Rabben Feriesenter, Kafè Anker og Uskedalen Gjestgiveri(Larsen)
  • Turbilde frå Mannsvatnet før 1975
  • Speidaren og Losje Uskedølen
  • Sanddrifta
  • Kinodrift og spelstykke
  • 17.mai-feiring og ulike stemne
  • Drosjane mmmm
  • På standen vil det også vera salg av boka som kom ut i november 22, og i tillegg blir det førehandsalg av bok nr. 2 som etter planen er klar i månadsskiftet oktober/november. Dessutan kan ein skriva seg som medlem i laget og støtta arbeidet på den måten. Ulike prisar er:
  • Medlemskap: 200,- kr pr. år.
  • Bok nr. 1 av “Den nære fortida”: 300,-kr
  • Bok nr. 2 av “Den nære fortida”, førehandspris til 15.10.: 250,- kr (Betalande medlemmer får ei bok til 200,-kr, medlemspris).
  • På Bygdadagen kan ein betala med kontantar eller til vipps 76 38 03. Elles kan ein kun betala med vipps eller til konto 3207.37.52026 så vil kjøpet bli registrert. Dei som ønskjer boka tilsendt, må betala eit tillegg på 90,-kr. (Hugs fullstendig adresse).

Uskedal Historielag ser fram til ein kjekk Bygdadag, og vi håpar på god respons på arbeidet, gode samtalar med tips og kjekke bilde.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto frå Røvde, Rosendal