Den årlege fasteaksjonen i regi av Kirkens Nødhjelp går av stabelen i dag, tysdag, frå kl. 16.30. Konfirmantane har det som ei fast oppgåve med bøssseinnsamling. Målet er å nå alle husstandane i Uskedalen. Resultatet frå innsamlinga ligg rundt kr. 10 000,-. I tillegg kjem alle som vippsar, tal som vert registrerte på postnummer. Midlane går til reint vatn under overskrifta Håp i ein dråpe vatn. Dersom du ikkje er heime mellom kl. 16.30 – 18.30, kan du bruka VIPPS eller overføra på konto. Klistrelapp på døra.

Tekst/foto: Uskedal sokneråd
Nett: Kristian Bringedal