Ta godt imot bøsseberarane.
11 bøsseberarar er no på veg ut i Uskedalen for å ta del i Noregs største dugnad, nemleg Årets TV aksjon. Hilde Bringedal og Anita Simensen er rodeleiarar og har ansvaret for koordinering og gjennomføring. Innsamlinga går i tida kl. 16.00 til kl. 18.00. Nokre bøsseberarar har borna med på innsamlinga. Store deler av Uskedalen vert dekka. Dersom du ikkje er heime eller har kontantar, kan ein støtta aksjonen ved å bruka VIPPS: 2133. Det vert lagt att ein lapp på døra med informasjon.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal