Laurdag hadde 4 Uskedals jenter frå Rosendal Ungdomsskule laga èin flott sykkelrebus der inntektene gjekk uavkorta til Mental Helse Ungdom Kvinnherad. Jentene Maren Gundersen, Sarune Lebednykaite, Malin Kristine Stølsvik og Jeanette Steinsletten hadde og laga èin koseleg kafè på kjøkenet til Uskedal Skule, der dei selde kaffi og kaker. Sjølv om besøkstallet ikkje var av det store, kom det likevel inn 1985 kroner frå rebus og kakesalg. Mental Helse Ungdom Kvinnherad var svært takksame og imponerte over engasjementet til dei 4 jentene.

F.v: Malin Bakke Eik frå MHU Kvinnherad, Maren Gundersen, Sarune Lebednykaite, Jeanette Steinsletten, Malin Kristine Stølsvik og Maria O. Hardeland, frå MHU Kvinnherad.

Løypa gjekk frå skulen via Dønhaug og tilbake til skulen. Dei som ikkje hadde sykkel, kunne gå den same løypa. Vinnaren av rebusen vant èin kjekke premie som var sponsa av Eurospar Rosendal, Sport Outlet, Sport 1 Husnes, Vitus Apotek, Vita, Ringo/Nordli og Gro’s Blomster. Jentene og MHU Kvinnherad var svært så takksame for Sponsen.

Tekst/foto: Bjarte Eik
Nett: Kristian Bringedal