Med temperatur på over 25 varmegrader var det reine sydenstemning i Uskedalen i dag, sundag 25. juli. Det var eit yrande badeliv med folk i alle strender og med mykje båt på sjøen. Alle fritidsbåtane til og frå Rosendal går Storsund og demed framom Uskedalen. I tillegg har det vore mykje båt i begge båthamnene i Uskedalen, både båthamna til Båtlaget og i Øyro Maria. Bilete syner badeliv på Rabben Feriesenter.

Mange båtfolk fann vegen til Uskedalen i helga.

Det er godt belegg på Rabben Feriesenter. Faste gjester er tilbake i Uskedalen, gjester som har våre her kvar sumar i over 30 år. Ein båttur rundt Skorpo i dag syner stor aktivitet på hytter og hus. På Skorpo er det alltid nokre som nyttar høve til å ta ein tur på Skorpefjellet og ut langs høgdedraget for å sjå jettegrytene.

Det er varsla verendring, men likvel med von om at varmen og finveret snart er tilbake.

Båtlaget kan vera nøgd med utleige av gjesteplassane i helga.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal