Svein Rimestad er utnemnd til æresmedlem i Røysterett for Alle. Han har vore med frå starten i 1988 og har i alle desse åra vore den mest sentrale personen i koret. Svein Rimestad er opphavet til namnet på koret, eit særmerkt namn som mange har merka seg lokalt og på nasjonalt plan. I tillegg til å vera vanleg medlem, har han vore stemmeøvar og reservedirigent. Ved mange framføringar har han vore solist. Rimestad er på mang måtar ein “altmogelegmann”. Det er ingen fest utan innslag der Svein er med. Han stiller med gitaren og kompar allsong, ofte saman med husorkeseret. Svein har også vore pådrivar i ulike mannsgrupper i Røysterett for Alle.


Administrative oppgåver er noko Svein tek seg av. Han lagar plakatar, skriv omtale på uskedalen.no, driv PR og skriv pressemeldingar til lokalavisene. Han er festleiar og konfranisier på konsertane. Æresmedlemen Svein Rimestad er noteforvaltar og held dermed orden og system, kopierer og sender rundt. Rapportering til Korforbundet og søknadsskriving er noko Svein tek seg av.

I grunngjevinga for tildelinga kjem det til slutt fram ei viktig oppgåve, nemleg Svein som tekstforfattar, både originaltekstar og som omsetjar. Svein sine tekstar er på mange måtar eit varemerke på Røysterett for Alle.

Utnemninga vart gjort som ei markering på koret sin sommarfest fredag kveld.

Æresemedlem Svein Rimestad.
Tekst: Kristian Bringedal - redigert frå styret si grunngjeving 
Foto: Røysterett for Alle
Nett: Kristian Bringedal