Svært sterk innsats av uskedelingar i Bergen City Marathon.
Oppdatering: Etter første utgåve har vi fått melding om nokre fleire deltakarar
Dei to uskedelingane Kari Bråtun og Knut Gilberto Sæbø gjorde ein strålande innsats på høvesvis halv- og heilmaraton under Bergen City Marathon laurdag. Kari kom på ein imponerande 21. plass i sin klasse (K 23-34) med tida 1.31.30. Dette plasserte ho som nummer 27 av totalt 3178 løparar på halvmaraton.
Knut Gilberto sprang heilmaraton på 3.05.12 noko som gav han ein strålande 37. plass i klassen hans (M 23-34). Totalt blei han nr.58 blant alle dei 1235 sterke maratonløparane. Han forbetra også persen sin med i overkant av 5 minutt. Både Kari og Knut Gilberto disponerte løpa sine svært godt og arbeidde seg oppover på resultatlista i siste fase av løpet. Kari representerer Uskedal IL, medan Knut Gilberto spring for Idrett Utan Alkohol.
Etter at dette var skrive har vi fått melding om fleire uskedelingar som gjorde ein strålande innsats!
Eirik Musland (M 35-39) var truleg den kvinnheringen som var raskast på halvmaraton då han kom i mål på den gode tida 1.23.12.
Når vi søkjer i resultatlistene, finn vi fleire uskedelingar:
- Maren H. Bjørnebøle, (K 23-34), 5 km
- Helene H. Bjørnebøle, (K 45-49), 5 km
- Andrea H. Bjørnebøle, (K 12-13), 5 km
- Tom Torkildsen, (M 70-74), halvmaraton, 2.54.29.
- Karsten Huse Bjørnebøle, (M 20-22), maraton, 4.14.05
- Stian S. Myklebust, (M 23-34), maraton 3.31.44.
- Ingeborg Huse Bjørnebøle, halvmaraton.
Flott levert av desse uskedeingane!!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland