Eit barometer måler lufttrykket. Den siste veka er det registrert svært høg barometerstand, heile 1055 hpa, målt i Halsabrotet byggefelt. Lufttrykket vert målt i hekto Pascal. Veggbarometer er såkalla Aneriodbarometer, ikkje fuktig som vil sei at det er utan kvikksølv. Eit kvikksølvbarometer er meir nøyaktig, men verre å handtera.

Langs barometerskalaen les vi av vertypen. Ved høgt lufttrykk er det pent ver. Lågt lufttrykk angir at det er dårleg ver. I dag vert desse målingane gjort digitalt. No i kveld syner barometeret at det kan vera verskifte på gang.

Kva syner barometeret der du bur ? Send oss i melding til uskedalen.no@gmail,com

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Torgeir Øye