På årsmøtet i Uskedal Historielag mandag la kasserar Ståle Eik fram nøyaktige tal av salget av dei tre bøkene i serien “Den nære fortida”. Desse tala understrekar naturleg nok inntrykket om at salget av har vore særs godt. Opplaget er 600 på kvar bok, og tala viser at historielaget har truffe godt med det.
Han kunne leggja fram følgjande tal, og i desse tala er inkludert nokre eksemplar som er tatt av til arkivet. (Bildet over: skriftstyret)

  • Bok 1: 596 eks
  • Bok 2: 506 eks
  • Bok 3: 437 eks

Siste to månadene fram mot jul blei det selt over 50 berre av bok 1, og naturleg nok meir av bok 2 og særleg bok 3. Med eit opplag på 600 skulle det såleis berre vore att 4 bøker av Bok 1, men sidan trykkeriet sender nokre ekstrabøker, er det pr. i dag 3 igjen på Spar Uskedalen og 7 hos skriftstyret. Av dei to andre er det framleis godt med bøker.
Det har vore ganske stille i salget no etter jul, men av erfaring frå dei to føregåande åra veit vi at det tar seg godt opp utover våren, sommaren og hausten.

Med 10 bøker igjen av Bok 1 er det framleis mogeleg å nå i pakketilbodet om alle tre bøkene for 600 kroner (hos Spar Uskedalen og skriftstyret). Elles er prisen 300 pr. bok.
Bøkene er også å få kjøpt hos bokhandlane i Rosendal og på Husnes Storsenter.
Dei kan også kjøpast ved å vippsa rett beløp til 76 38 03 (Uskedal Historielag), og skriva melding om kva innbetalinga gjeld. For sending kjem 90 kroner i tillegg. (Hugs nøyaktig adresse og telefonnummer). Om nokon har spørsmål, ta kontakt på 932 88 237.

Elles anbefaler vi å følgja med på facebooksida til Uskedal Historielag.

Tekst: Uskedal Historielag
Foto: Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland
Nett: Thor Inge Døssland