Fredag og laurdag har historilaget boksalg ved SPAR Uskedalen.

I den komande boka i Uskedalserien “Den nære fortida” kan vi lesa om historia til butikken på Sa`n, livsverket til dei to på bildet, Hjørdis og Harald Nilsen. Vi kan lesa om butikkdrifta i djupe, tunge dalar, men også høgdepunkt medan både Harald og Hjørdis (bildet over) og generasjonar før dei dreiv. Kundane har alltid vore i sentrum, – slik det også har vore etter at dei overlet ansvaret for drifta til døtrene Gunn Mari og Kjersti og svigerdottera Bente. Bildet over er ikkje med i boka, men det er derimot mange andre kjekke bilde.

Framsida på bok nr. 2 som kjem på seinhausten.

I tillegg til den over 150 år lange historia til butikkdrifta i Sandaslekta og historia til Sandakaien, er det fyldige bolkar med både skule- og fotballminne, 175 år lang misjonsforeningssoge, skulestil av Lars P. Haugland om kyrkjereis til Rosendal før vi fekk vår eiga kyrkje og om arbeidstova og andre aktivitetar i huset på Brekketoppen. Vi får presentert opplevinga til ei tenåringsjente som blei sendt hit til bygda frå Bergen under krigen. Bondenæringa har vore gjennom ei enorm utvikling. Dette blir synleggjort gjennom artiklar knytta til korndyrking og mjølkeproduksjon.
Førsteutkastet til boka er no klart. Det er sendt frå Salikat Design til skriftstyret, og det ser særs kjekt ut.
Artikkelforfattarar er Anne Karin Nordbø Børsheim, Astrid E. Haugland, Ståle Eik, Torstein Løning, Ove A. Olderkjær, Pål Haugland, Kristian O. Bringedal og Thor Inge Døssland. Mange har bidrege med bilde, og Astrid O. Haugland og Gaute Haugland har illustrert.

Førehandsalget på den komande boka har starta svært godt. Fram til 15. oktober får ein kjøpt den til redusert pris, 250,- kr. Det kan ein gjera ved å vippsa til 76 38 03 (Uskedal Historielag) eller betala til konto 3207.37.52026. Dei som vil ha boka tilsendt, må betala 90,-kr i tillegg og skriva nøyaktig adresse.
På fredag 8.09. kl. 14-17 og laurdag 09.09. frå kl.10 og ein del timar utover, blir det boksalg utanfor Spar Uskedalen. I tillegg til å førehandskjøpa bok 2 og prata med medlemmer av styret/skriftstyret i historielaget, kan ein også sikra seg den første boka (300,-) om ein ikkje alt har den i samlinga si. Ein kan også teikna medlemskap i Uskedal Historielag (200,- kr) viss ein vil støtta arbeidet i laget på den måten. Då kan også kontantar brukast som betalingmiddel for dei som ønskjer det. Det er også visse muligheter for at det kan dukka opp eit stemningskapande stunt.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Åse M. Neset