I dag , måndag 26. august, starta Uskedal helselag opp med styrketreninga for vaksne i Gamleskulen til vanleg tid klokka 11.00. Frammøtetalet har den siste tida vore rundt 10 personar. Det er plass til fleire, også menn. Alle kan vera med uansett alder. Treningsprogrammet med musikk til er todelt. Fyrste delen er ein del av Nasjonalforeningen sitt opplegg. Del to er utvikla og sett saman lokalt i helselaget i Uskedalen.

Den varierte treninga, som går over ein liten time, har med øvingar for styrke og balanse. Eli Roseth Eik og Eva Reime Ljosnes er instruktørar. Kom og ver med – kvar måndag kl. 11 i Gamleskulen.

Eli Roseth Eik og Eva Reime Ljosnes deler på leiaroppgåvene.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal