Måndag i denne veka inviterte styret i Uskedal utvikling til ope møte der målet var å få fram kva laga i Uskedalen jobbar med, dette som eit grunnlag for å laga eit Årshjul. Frammøte var overraskande godt. Berre nokre sentrale lag var fråverande. Arbeidet vidare no er at lag og organisasjonar melder frå og supplerer lista over faste og planlagde arrangement. Ein må gjerne ta med det som alt er datofesta, men også det som går fast av aktivitetar og treningar gjennom heile året. På lista under ser du noko av det som vart sagt på møte.

På bilete finn du representantar frå helselag, historielag, musikklag, dugnadsgruppe, friluftslag. og Vonheim.

Uskedal utvikling

  • Kafe Tiaren kvar tysdag – allsong den siste tysdagen i månaden
  • Dugnadsgruppa har eigen plan og arbeidsprogram
  • Uskedalen.no held fra, – ynskjer frivillige på skriving. Det vert lagt opp til kurs.
  • Sykkelrebus
  • Kjellaren er klar til bruk
  • Julegrantenning med nisse og sal i Gamleskulen

Uskedal Idrettslag

  • Heio Cup
  • Skårhaug Opp i august
  • Faste grupper og treningar
  • Klatregruppe
  • Turgruppe

Uskedal Ungdomslag og lagshytta Fjelly

  • Bingo kvar onsdag
  • Ungdomslaget er med på julegrantenninga – sal av graut
  • Julefest
  • Fjelly: Utleige og kafe

Aktivitetshuset

  • Ordinær drift med mange aktivitetar
  • Prosjekt Foajeen
  • Oppgradeing og vedlikehald v/ Dugnadsgruppa

Uskedal helselag

  • Fast aktivitetar kvart år: Hjartemarsjen, demensaksjonen, basar
  • Møte 1. tysdagen i månaden
  • Aktivitetsdag på Uskedal skule
  • Trim for vaksne
  • Strikk med oss
  • Tur til Tysnes i august/september
  • Julepakkkar til Valen sjukehus
  • Juleblom til alle frå Uskedalen som bur på institusjon og alle over 90 som bru heime

Uskedal Musikklag

  • Øving to gonger i veka
  • Ei rekkje konsertar og framføringar, mellom anna på Rosendalstunet, Husnestunet og Halsnøytunet
  • Konsert 26. mai i samarbeid med Rosendal B

Uskedal historielag

  • Jobbar systematisk i to grupper: Arkiv- og skannegruppe og skriftstyret
  • Ny årbok klar for lansering i november
  • 2025: Bok om utvandring frå Uskedalen

Vonheim

  • Vaffelsøndagar/kafe nokre gonger sommar og haust
  • Basar: 27. oktober
  • Likar du å leika med dokkedag
  • Julefest: 4. juledag
  • Yoga
  • Førstehjelpskurs
  • Utleige til ulike tilskipingar

Uskedal sokneråd

  • Har halvårsplan med oversikt over gudstenester, konsertar, temakveldar, salmekveldar m.m.
  • 25. mai: Temakveld med Margun og Lina Håland – UMRED

Uskedal Friluftslag

  • Prosjektplan med oppdatering av Stemneplassen
  • 8. mai: Minnemarkering med avduking av namneplate
  • 17. mai: Sal av kaffi, is og brus
  • Friluftskonsert i samarbeid med Uskedal musikklag
Her er representantar frå Uskedal skulemusikk, Aktivitetshuset og Uskedal utvikling..

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal