På bildet ser vi tre av dei som sit i styret i Uskedal skulemusikk, Monica Hermann(f.v.), Ann Merete Åsheim Nilsen og Marianne Korsvold. Dei to andre som er i styret er Nils Rainer Vågen og Haldis Aakra.
Styret er svært takksame overfor alle som har kjøpt adventskalendaren, har gjeve flotte gevinstar og har hjelpt til på ulike måtar slik at den også i år har blitt ein suksess.
No blir det dagleg trekt ut to vinnarar, og gevinstane står og ventar på dei hos Auto 88 AS. Styret vil koma med litt info om utdeling av gevinstar.

– Vi er svært takksame for at Auto 88 AS hjelper oss med å få ut gevinstane også i år. Dette har vore ei svært god ordning. Vi håpar at vinnarane hentar gevinstane så fort dei har mulighet, for så mange gevinstar tar jo mykje plass på kontoret til Auto 88 AS, seier styret.

Styret kjem også med viktig informasjon til utanbygds vinnarar som kjem til Kvinnherad på juleferie eller i romjula, og berre er her då.
– Dei kan berre ringa May-Lis på Auto 88 AS (mobil 957 52 081) så kan dei gjera avtale om henting.

Vi minner elles om at alle gevinstar skal hentast innan 11.januar 2022.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland