Styret i Fjellhaugen Skisenter takkar for god støtte.
No er Spleis-aksjonen for Fjellhaugen Skisenter avslutta, og styret ønskjer å senda ei stor og ekte takk til dykk alle. Responsen har vore heilt overveldande. Over 300 personar og verksemder har bidratt, og til saman er det samla inn nesten 250.000 kroner, som går direkte til drifta av Fjellhaugen Skisenter. Dette er eit resultat me er både stolte av og svært takksame for.
For oss i styret har denne aksjonen vist kor mykje Fjellhaugen betyr for folk i Kvinnherad. Engasjementet, heiaropa, delingane og bidraga har vore ein kraftig påminnar om at dette ikkje berre handlar om eit skisenter – men om ein møteplass, ein arena for aktivitet og ein viktig del av lokalsamfunnet vårt.
Inntekter frå Spleisen gir oss eit nødvendig pusterom og betre føresetnader for vidare drift. Det er framleis mykje arbeid som ligg føre, men dette løftet gjer at me kan gå vidare med større tru på framtida enn me hadde for berre kort tid sidan.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal