![](https://uskedalen.no/content/uploads/2021/12/20211202_065015-1000x715.jpg)
Strøing er viktig for å unngå fall - og skliulukker.
Stian Haugland i Haugland Maskin har nok å gjera om dagane med strøing på glatte vegar og tun. Regn og slaps i forkant av at det fraus på, gjer at det er farleg glatt denne veka. Stian strør til private kundar. Det kan vera ved butikken, Geilo/Neset/ Holmen med sidevegar, Eik og elles dei han har på lista. Tidleg i dag morgon vart det strødd i tunet på Uskedalen Brygge.
![](https://uskedalen.no/content/uploads/2021/12/20211202_064810-1024x768.jpg)
I kommunale felt og på kommunale vegar i Uskedalen vert det stort sett salta. Eikevegen vart salta i går. Så langt vi registrerer vert de gjort lite med strøing i kommunale felt. Vegen ned til Beinavikjo er korkje salta eller strødd. Etter t Kvinnherad Vekstbedrift flytta mykje av produksjonen til Beinavikjo, trengst det meir tilsyn og oppfylgjing på denne strekninga. Brukarane går på denne vegen, til og frå arbeid kvar dag.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal