I samarbeid med Lio Sag og lokalavisa Grenda gjennomfører THK stifinga ein takpappaksjon for Ukraina. Aksjonen går i tida fram til påske. Straks etter påske vert det opplasting og klargjering for transport. Framgangsmåten er slik: Verksemder, enkeltpersonar, lag og organisasjonar kan kjøpa takpapp til redusert prisa på Lio Sag på Seimsfoss eller hjå Byggtorget på Husnes. Det vert vidare donert til THK sitt hjelpearbeid i Ukraina. Primus motor Tormod Myklebust skriv dette i ei pressemelding:

Tormod Myklebust ( THK ) saman med Joakim Heimvik og Rune Myklebust i Lio Sag & Treforedling.


Mange pyntar, i desse dagar, opp profilen sin med Stand with Ukraine, i gule og blå fargar. Det har med, at det er eit år sidan Ukraina vart invadert, at Russland gjekk til angrep på nabolandet Ukraina. Med dette gjev enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter eit sterkt signal: Vi sviktar ikkje
Ukraina. Vi støttar land og folk så lenge dei treng det. Vi vil no starta ein vår offensiv med innsamling fram mot påske. Traileren kjem til Rosendal, Uskedalen og Husnes, rett over påske, tysdag 11. april. Dei som vil levera fram mot påske , tek ein telefon, så tek vi imot på lageret i Uskedalen.

Sendinga vert køyrt til Ukraina 13. april. Gjennom dette ufattelig triste året har Ukraina motteke politisk støtte og etterfølgjande hjelp militært og økonomisk . Humanitær støtte og mykje omsorg, frå store delar av verda.
Frå Kvinnherad har det gått fleire lass med hjelpesendingar. Mange støttar på ulik vis.


THK – stiftelsen har hjelpt Ukraina i over 25 år. Det siste året har hjelpa auka dramatisk. THK- traileren har køyrt non stopp. Mange trailerar er leigt inn for å få hjelpa fram. Like til det siste vert det køyrt store straumagregat, og mindre agregat til landet. Mange sjukehus og institusjonar har fått nokså stabil straum. Det kjem vel med når kirurgane skal gjera arbeidet sitt, så folk får hjelp. Mat vert kjøpt inn frå nabolanda. Brukte ambulansar og
brannbilar vert donert til landet.

Det vert sagt at Ukraina ikkje lenger har bruk for klede og sko, madrassar og sengklede mm. Det er viktig å skjekka opp om det stemmer. THK har i alle desse åra hjelpt mest i Tsjernobyl regionen. Med byen Korosten som
utgangspunkt. I ein telefonsamtale, seier hovedkontakten vår, Sergey Kovalchuch, at hjelpa når fram. THK trailaren køyrer til grensa mellom Polen og Ukraina. Der vert det lasta om til Ukrainsk trailar. I dette området er det verkeleg bruk for dei vanlege tinga som hjelpesendingane inneheld.
Han er svært takksam for det som dei har motteke, også frå Kvinnherad.
Han strekar under at hjelpa vert distribuert i eit stort område, i heile Zhytomyr (oblast) fylke.


Det er no spesielt viktig med taktekking. I området organiserer dei grupper av frivillige, som reiser til nedbomba bygder og byar, slik som Kherson. Der reparerar dei tak på hus som er øydelagde i krigen. Han ynskjer seg mange rullar med tak belegg, elektriske verktøy, motorsager etc. Sergey seier vidare at situasjonen slit på folket. Det er gravferder mest kvar dag for soldatar som har falle. Skuleungar og lærarar spring til bomberomma fleire gonger for dagen. På ein tur til Kyiv, no nyleg, såg han graving av skyttargraver langs vegen. Dei fryktar naboen i nord, og gjer seg klar til kva som måtte henda.

Tekst: Kristian Bringedal/ Tormod Myklebust
Foto: Morten Nygård - Grenda
Nett: Kristian Bringedal