Russetida kan vi trygt seia har blitt annleis for årets russekull. Mellom anna måtte dei til slutt avlysa russerevyen etter at dei først hadde utsett den. Dei som hadde kjøpt billettar på førehand, har no fått pengane refundert. Salg i døra blei det naturleg nok ikkje. Dermed har russen mista gode inntekter som dei hadde tenkt å senda vidare til kreftsaka. På sida har vi tidlegare oppfordra til å gi støtte til russen på kontonr. 3330 31 06206. Kreftforeningen har tidlegare framheva Kvinnheradsrussen for den store innsatsen dei har gjort i KRAFTTAK MOT KREFT. Dei flinke ungdommane har lyst til å gi ytterlegare støtte. De kan lesa meir om avlysinga HER.

tid