Valstyret i Kvinnherad kommune har vedteke at det skal vera mottak av førehandsrøyster i perioden 10.08. – 10.09.21. Manntalsførte kan førehandsrøysta i alle kommunar i Norge. Røystene vil verta sende til den kommunen du er manntalsført i for oppteljing. Hugs å ta med legitimasjon når du skal røysta. Det er ynskjeleg at du tek med valkort. Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Bilete er frå førehandsrøystinga ved Kommunevalet for to år sidan.

Det nærmar seg stortingsval, og i desse dagar får du tilsendt valkortet ditt. I år mottek dei fleste dette digitalt. Valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett. Nyttar du digital postkasse frå Digipost eller E-boks, mottek du valkortet ditt der. Har du ikkje ein digital postkasse, mottek du valkortet i Altinn. Du får ein SMS når valkortet er tilgjengeleg. Når du har motteke denne, kan du logga inn i tenesta du nyttar for å finna valkortet ditt. Veljarar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, får valkortet tilsendt på papir.

Tekst: Pressemelding
Foto/nett: Kristian Bringedal