I dag var det storfint besøk på Friheim Gardsmat. I regi av Landslaget for lokalaviser var Silje Hjemdal ( FrP ) og Ragnhild Hartviksen ( Ap ) på studietur i Sunnhordland. Dagleg leiar, Tomas Bruvik, var guide. I Friheim fekk stortingspolitikarane møta Bjørg Inga og Kurt Inge MIljeteig som orienterte om verksemda frå godkjenning og oppstart i 2006, arbeidsprosessen og utviklinga fram til i dag. Uskedalen.no snakka med Silje Hjemdal og Ragnhild Hartviksen etter synfaringa. Dei var imponerte over kva familien Miljeteig har fått til og ikkje minst at dette lukkast så godt inst inne i Uskedalen. Med eige minikraftverk har dei straum nok til eige forbruk både i produksjonen og i gardsdrifta. Driftsgrunnlaget dyrka mark har auka frå 25 dekar til i dag 140 dekar.

Bjørg Inga Miljeteig fortel om verksemda Friheim Gardsmat frå starten i 2006 og fram til i dag.

Tema for synfaringa var kultur og media. Lokal matproduksjon er en viktig del av all kultur. Begge representantane sit i Kultur og familiekomiteen på Stortinget. På rundturen i Kvinnherad er dei mellom anna innom lokalavisene Grenda og Kvinnheringen.

Friheim Gardsmat produserer kjøttpølse, spekemat, blodpølse, bacon og pålegg. Dei sel alt på messer og i eigen gardsbutikk. Mange kundar ligg inne med faste tingingar. Neste generasjon på gardsbruket er med i arbeidet.

Ragnhild Hartviksen representerer Akerhus Ap. Silje Hjemdal er fokevald for FrP frå Vestland fylke. Begge reiste heim med kjøttpølsa frå Friheim i Uskedalen. Dei vil truleg bruka Friheim Gardsmat vidare i deira arbeid med å skapa og leggja til rette for lokal matproduksjon.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal