Det treng ikkje allltid vera dei store prosjekta som skal til for å skapa trivsel i ei bygd. Uskedalen.no tek fram nokre døme på mindre tiltak, anonymt og gjennomført meir i det stille. Den eine plassen er på Sjøhaugen på nedre Feet, i nærleiken av elvosen. Den andre plassen er ved den inngjerda skuleplassen på Haugland skulemuseum.

Ei lita bru over bekken gjer at det mykje enklare å ta seg fram langs elvekanten på nedre Feet.

I elvosen er det eit vakkert kultur- og naturlandskap. Grunneigar opna opp område ved å rydda og driva skjøtsel. Bilete syner korleis det såg ut straks dette arbeidet var gjort. No er mykje av vegitasjonen vakse opp igjen, men kan lett ryddast ved neste høve. Det er laga ei lita bru over den opne bekken, til nytte og glede for dei som går på elvekanten. Ein markert sti i ytterkanten gjer at ingen går i graset.

Skjøtsel og landskapspleie md open bekk.

På Haugland har Dugnadsgruppa med Pål Haugland i spissen sett inn port i gjerde mot elva. Med det kan fiskarane og andre som er på plassen, bruka porten. Då slepp ein klyva over gjerde noko som på sikt fører til skade på nota.

Så lite og så enkelt, men med stor verknad for å letta framkomsten. Ros til grunneigaren på nedre Feet og til Dugnadsgruppa.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal