
Stort engasjement og mange innlegg på folkemøte i Helgheim i går.
Frammøte var meir enn forventa. Møte vart flytta til kjellaren i Helgheim. Sjølv der vart det trongt om plassen. Dette syner at engasjementet er stort og mange er opptekne av å behalda brannstasjon og branntropp i Uskedalen. Her er eit utdrag og kort referat frå innlegga i salen, i kronologisk rekkjefylgje.


- Tor Øystein Myklebust, tidlegare brannmeister, hadde eit innlegg i intervjuform med brannsjefen i Kvinnherad kommune. I samtalen kjem det fram at branntroppen i Uskedalen har kompetanse, godkjend røykdykkarutdanning, og at deiogså jobbar førebyggjande. Bemanning er ikkje noko problem. Det er godt frammøte på stasjonen og troppen er fagleg dyktige.
- Møyfrid Kristoffersen har sendt skriv og spørsmål om Hagetunet. Slik Hagetunet fungerer må det vera ein helseinstitusjon med utrykningstid på 10 minutt. Svar frå konsulenten, som har laga rapporten, er at Hagetunet ut frå forskrift ikkje er definert som ein helseinsitusjon.
- Ein Legland, styreleiar i Uskedal helselag, framheva det personlege engasjementet og frivilligheten for å ivareta tryggleik. Helselaga jobbar førebygging heile tida. Ho har sjølv opplevd brann på Ljosnes der minuttane talde. Ho er takksam for den hjelpa familien fekk den gongen. Nærhet til ein brannstasjon er avgjerande for rask responstid.
- Thor Inge Døssland synte til politisk vedtak i 2020 om halda fram med brannstasjon i Uskedalen. Administrasjonen har ikkje fylgt opp denne saka og politikarane har ikkje etterspurt praktisk handling. Brann og redning er meir enn brann. Det handlar ofte om å vera fyrst på plassen uansett skade og hending. Uskedalen ligg stratetisk til og fungerer som ressurs både innover og utover i kommunen.
- Kjell Yri framheva den gunstige plasseringa brannstasjonen i Uskedalen har i kommunen. Ved fleire høve har troppen hjelpt til ved hendingar i andre bygder.
- Audun Eik, også tidlegare brannmeister, fekk fram kor viktig det var med lokal kunnskap, geografisk og kjennskap til sårbare brannobjekta.
- Knut A. Myklebust synte til garasjebrannen i sentrum ei nyårshelg for nokre år sidan. Garasjen brann ned, men rask respons berga truleg to andre hus.
- Jostein Saghaug ( Miljøpartiet ) rosa brannmannskapa som står på og leverer gode og solide tenester. Dei har venta lenge nok no for ei avgjer og oppfylgjing av vedtaket frå 2020.
- Bjørn Olav Tveit ( AP ) framhevar at arbeidsmiljøet for mannskapa er viktig. Bemanninga generelt er for låg i høve til landssnittet. Her er for magne lause trådar. Han går for utsetjing.
- Wermund Vetrhus ( SV ): Rapporten seier for lite om den faktiske tilstanden. mellom anna dette som går på forspenningstid.
- Svein Arne Eidsvik åtvara mot nedlegging, mellom anna fordi det vil føra til tap av eksisterande kompetanse. Han har merka seg det som står skrive om avstanden Rosendal – Uskedalen. Frå Rosendal til Uskedalen er avstanden 11,9 km. Motsett veg: 13 km.
- Per Harald Havnen L. Johansen ( AP ) vil sjå heilskapen i saka. Han har merka seg alle gode argument for å halda fram med brannstasjon i Uskedalen. Han lyttar til folket og vil ha ei god kartlegging før endeleg vedtak vert gjort. Han vl også opna opp for ei utgreiing som tek med ei løysing i Frontabygget på Børnes.


Uskedalen har mobilisert. Neste er kommunestyremøte alt i morgon, torsdag 19. juni.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal