Storleg imponert over oppryddinga etter Festidalen.
Eit tilreisande par melder at dei hadde ein særs fin rundtur i bygda då dei var på søndagstur ved middagstider. Dei la merke til stor aktivitet på Dønhaug, og oppryddinga var alt svært godt i gjenge. Svært imponert var dei også over kor fint og ryddig det var rundt i bygda.
“Først pyntar dei bygda så flott, og så ryddar dei på ein måte som gjer at bygda framstår endå finare enn før Festidalen-arbeidet,” var den gode attesten frå dei tilreisande. Når eg legg fram den gode omtalen for arenasjef Steinar Haugland, kan han fortelja at det er unge fotballspelarar og leiarane deira som skal ha æra for den fine oppryddinga rundt i bygda,
Så flott at dei blir brukt, og endå flottare at dei gjer så godt arbeid!! seier eg.
Elles kan det leggjast til at det omtala paret hadde kosa seg på Festidalen både fredag og lørdag, og som dei fleste andre var dei imponert over kva arrangørane fekk til trass i verutfordringane.
På bildet ser vi to av dei mange som har gjort ein formidabel jobb både før, under og etter Festidalen, Steinar og Pål Ingmar Haugland, i ferd med å ta ned gjerde.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland