I samband med at Stord luftham feirar 40-års jubileum i år, vert Stord Airshow 2025 arrangert på lufthamna, laurdag 31. mai. Det er lufthamselskapet som står som arrangør. Portane opnar for publikum kl. 10:00 og det blir flyoppvising kl. 13:00 – 15:10.

Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust frå Uskedalen.


Under arrangementet vil det vera mogleg for store og små å sleppa inn på flyplassområdet og betrakta fly og helikopter av ulike typar, både i lufta og på bakken. Det vert sal av kioskvarer og aktivitetar for dei minste. I lufta blir det akrobatisk oppvisning med fleire aktørar.

Frå Sverige kjem to pensjonerte jetfly frå det Svenske flyvåpenet. Begge flya tilhøyrer Swedish Air Force Historic Flight.

Jagarflyet SAAB Viggen, eit ekte jagarfly frå den kalde krigen, som med sin etterbrennar vil koma med mange brøl på flyplassen denne dagen. Flyet har tidlegare vitja lufthamna under Stord Airshow 2018. Lufthamna sin video frå oppvisninga den gong har meir enn 6,4 millionar visningar på YouTube.

I tillegg kjem det eit SAAB SK-60 jet-treningsfly. Flytypen vart fram til i fjor nytta av det svenske luftforsvaret til opplæring av jagarflypilotar. Flygaren som kjem til Stord vann i 2023 premie for «mest presise og elegante flyoppvisning» med dette flyet, under verdas største militære flystemne, Royal International Air Tattoo i England.

Frå Flyvåpenets Historiske Skvadron på Rygge kjem to veteranjagarfly av typen Vampire og MiG-15. Sistnemnde har aldri tidlegare vitja Stord, og dette blir dessutan fyrste gong ein har samla 4 jetfly på Stord lufthamn i samband med eit slikt arrangement.

Det vert elles fallskjermhopp, samt flyoppvising med fleire ulike propellfly som YAK-50, 2 SAAB Safir, Fieseler Storch og for fyrste gong oppvising med eit heilelektrisk fly. Dessutan har Luftforsvaret planlagt å demonstrera sitt AW101 SAR Queen redningshelikopter, om høvet tillèt det.

I tillegg til flyoppvisning, vert det høve for publikum til å delta på rundflyging med veteranfly. Landets einaste luftdyktige DC-3 frå Dakota Norway kjem til å driva rundflyging på Stord for fyrste gong sidan 2010. Det blir ei unik anledning til å fly med dette ikoniske flyet, som tenestegjorde under andre verdskrig.


På bakken blir det underhaldning for dei minste. Brannbamsen Bjørnis kjem og det blir gratis hoppeslott. Det er planlagt fleire salsbodar og utstillingar, mellom anna av modellfly, samt sal av kioskvarer.


Om alt går etter planen vil dei to veteran-jagarflya MiG-15 og Vampire avslutta Stord Airshow sitt flyprogram. Oppvisinga vil då, om vêr og vind spelar på lag, innehalde eit kort innslag av pyrotekniske effektar, som del av ein iscenesett luftoperasjon.
For meir informasjon og kjøp av billettar kan ein vitja www.stordairshow.no eller vårt eige arrangement på Facebook «Stord Airshow 2025».


Me håpar at mange tek turen til Stord lufthamn og får med seg laurdag 31. mai.

Tekst/foto: Presse
Nett: Kristian Bringedal