Uskedal Helselag hadde invitert til ope medlemsmøte. Tema for møtet var framtidsfullmakt, og advokat Edle Lomheim var foredragshaldar. Edle informerte om korleis ein kan gjere prioriteringar for si eiga framtid om ein skulle bli råka av sjukdom og skade som gjer det vanskeleg å hevde og gjennomføre eigne interesser.

50 personar møtte for å høyra meir om bruk av framtidsfullmakt.

Slike interesser kan vere prioriteringar rundt eigendom, bruk av bank, betaling av rekningar, tilgong til alt inn, og/eller helseprioriteringar og val for kvardagslivet. Ein oppnemner sjølv ein eller fleire fullmektige som kan ivarta prioriteringane ein har bestemt.

Ei framtidsfullmakt kan ein setje opp sjølv, eller få hjelp hjå advokat. I nokre tilfelle treng ein legeerklæring i høve kognitiv kapasitet, og dersom ein alt er blitt sjuk kan det vere at ein ikkje kan lage ei godkjend framtidsfullmakt. Ein kan setje opp framtidsfullmakt når ein er 18 år. Framtidsfullmakta treng to vitne, og er kun gyldig som orginaldokument. Viss, og når framtidsfullmakta trer i kraft skal den stadfestast av Statsforvaltar.

Styreleiar Elin Legland saman med føredraghaldar Edle Lomheim.

Informasjonen som er gjengitt her, er bare ein liten del av informasjonen Edle kom med. Det var vel 50 deltakarar på møtet, og Edle tok seg tid til både spørsmål i plenum og individuelle spørsmål i etterkant av foredraget. Det var mange som gav uttrykk for at det var eit viktig og interessant tema. Edle fekk mykje skryt for å vere tydeleg, strukturert og informativ, samstundes som lovdelen vart formidla på lettfatteleg vis.

Etter møtet vart det servert nysteikte lappar, frukt, te og kaffi, og publikum tok seg tid til både noko godt å ete og ein hyggeleg prat.

Uskedal Helselag informerte om den årlege helselagsturen 13. septemer. 15. september er det både demensinnsamling i bygda, og eit foredrag om kommunale tenester for menneske med demens kl 1900 i Gamleskulen.

Tekst: Elin Legland
Foto: Thor Inge Døssland
Ntt: Kristian Bringedal