Det var eit godt frammøte til den fyrste samlinga i det som no ser ut til å bli ei Arkiv- og kulturhistorisk gruppe i Uskedalen. I tillegg har fleire meldt frå om at dei vil vera med i gruppa, men hadde ikkje høve til å møta fram til opninga. Nokre utflytte uskedelingar er også med i gruppa. Målet er å registrera og systematisera minnestoff med allmenn interesse frå Uskedalen. Arkiv fysisk og digitalt vil vera ein viktig del av arbeidet. Neste samling i gruppa vert torsdag 25. mars kl. 19.00 på Stemneplassen.

Etter presentasjon av ein skisse med mål, arbeidsoppgåver og arbeidsform, var det ei grundig og god drøfting om vegen vidare. Hans Ordin Østebø informerte om utfasing av noverande uskedalsida, overgangen til ny side, om kva som er sikra av kulturhistorisk stoff og kva som vert teke med vidare på ny nettside. Digitale løysingar er viktig i alt arkivarbeid.

Det var god drøfting i gruppa og mange gode tiltak er alt på arbeidslista.

Fram til neste samling skal gruppa mellom anna syna til oppstart på temaområde som:

  • Få oversikt på nedlagde lag og organisasjonar og kva som evt. finst av arkivmateriale
  • Utvanding. Magnar Hjelmeland er i gang med manus på utvandring frå Uskedalen. Torkel Stensletten har jobba med utvandring og har mange namn på lista
  • Byfolk på landet: Kven var dei, kor kom dei og korleis er det med kontakten i dag
  • Dagleglivet i Uskedalen før: Minnestoff
  • Stadnamn og lokal namnebruk
  • Uskedal Idrettslag – oversikt og systematisering av arkivstoff
  • Krigsminne
  • Foto/slides/ 8 mm film, kassett- og videoopptak.

Dersom du vil vera med i gruppa, meld frå til: kristian.bringedal@gmail.com

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal