Det er registrert stor interesse for Uskedal utvikling sin trimkonkurranse som går i denne månaden. Pr. i dag kl. 12.00 hadde heile 80 personar skrive seg i turboka ved Kalkstasjonen. Lågast på statistikken er Flåtene. Her må ein vera merksam på at turboka er i boks ved brua over Eikeelva, ikkje i sjølve gapahuken. Det kan vera nokon som går til gapahuken og dermed ikkje finn turboka. Her kjem resultata så langt:

  • Kalkstasjonen: 81 registreringar
  • Skårhaug: 35 registreringar
  • Flåtene: 12 registreringar

Trimaksjonen går ut denne månaden. Trekning og fine gevinstar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal