Det er stor interesse for leppefiske i farvatnet rundt Uskedalen, både inne i Storsundet og langs nordsida av Snilstveitøy og Skorpo. Heile fem fiskebruk driv leppefiske i same område. Fiske er regulert og det er løyve på eit makstal fisk pr. båt. Bergnebb, grøngylte og berggylte vert rekna til samleomgrepet leppefiske. Fisken vert brukt til å fjerna lakselus i oppdrettsanlegga. Det vert fiska med teiner som står i lekkjer i tang og tare på om lag tre meters djupne Leppefisken vert sortert etter storleik og levert til dei næraste oppdrettsanlegga. Uskedalen.no snakka med ein fiskar frå ein av Ommer sine båtar frå Halsnøy. Av fleire hundre teiner er det alltid eit omløp på om lag 50 teiner. I fint ver kan ein fiskar gjera jobben. Med litt vind og straum er det best med to mann, ein halar inn og tømmer og ein sorterer og legg i rett kumme. Leppefiske held fram til 20. oktober. Det har dei siste år vore god pris på leppefisk.

Jostein Legland er yrkesfiskar og er alltid med på årets leppefiske.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal