Stor interesse for kommunal middag - utvida til to arrangement i Uskedalen.
Kvinnherad Frivilligsentral inviterer til kommunal middag i neste veke, til saman fem arrangement på fire ulike lokalitetar. No melder Veronica T. Thorsen om stor interesse og overveldande påmelding. Tilbodet er difor utvida med ein ekstra middag i Uskedalen 1. september. Begge middagane i Uskedalen er fullteikna. På Verthuset Perla er maks antal gjester på kvart av arrangementa 50 personar. Det har samanheng med smittevernreglane.
Festmiddagen vert gjennomført slik:
- 30. august kl. 13.00: Olaløo
- 31. august kl. 13.00: Festsalen i Husnes Kulturhus
- 01. september kl. 13.00 og kl. 17.00: Vertshuset Perla
- 02. september kl. 13.00: Gry Helges, Husnes
- 03. september kl. 13.00: Rosendal Fjordhotel, Rosendal
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Vertshuset Perla