På Facebooksida til Klatregruppa i Uskedalen kjem det fram at det er stor interesse for kurs og klatring generelt. Gruppa legg opp til topptur – kurs i neste månad. Kurset er for dei som ynskjer å sikra og klatra på topptau. Det er topptau-kort som er kravet for å vera med på treningane i veka. Det er også eit krav og ynskje for dei som er med på sundagsklatringa. Kurset kostar kr. 300,- og med eigentrening og bestått prøve vert det skrive ut topptau – kort. I tillegg kjem kr. 200,- i søknadsavgift til NKF. Interesserte tek kontakt med Klatregruppa i Uskedalen. Smittevernreglane tilseier at maks tal i hallen er 20 personar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal - henta frå FB
Foto: Klatregruppa i Uskedalen