Det var uvanleg godt frammøte til boksleppet i Gamleskulen i dag. Mange hadde tinga boka til førehandspris og kom for å henta. Andre kom for å kjøpa boka til ordinær pris, kr. 300,-. Boka vert no lagt ut for sal i nokre butikkar og på bokhandelen i Rosendal og på Husnes. Nokre har bedd om å få boka tilsendt i posten. Det er gjort.

Det var uvanleg god tilsttrøyming av folk til boksleppet i dag i Gamleskulen.

Etter den formelle biten med takk og roseutdeling til skriftstyret, framførte Uskedal musikklag ein minekonsert med fengjande populærmusikk. Thor Inge Døssland saman med dei andre i skriftstyret presenterte boka og fortakde om arbeidet med å samla inn foto og skriva ut artiklane, 23 i talet. I den fyrste boka er det lagt vekt på stoff som har vore lite omskrive før, basert på samtale med kjelder som har gode minne og som har vore med på hendingane.

Sponsorane var inviterte til boksleppet. Det same var Ålasug Snilstveit frå Salikat design. Ho kunne ikkje møta, men det kom fram lovande ord om eit framifrå samarbeid i prosessen fram til ferdig bok.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Harald Sætre