Uskedal ungdomslag er eit av fleire lag i Uskedalen som har motteke melding om gåve frå SpareBank 1- Stiftinga Kvinnherad. Gåva på kr. 270.000,- skal gå til desse prosjekta:

  1. Fornya og oppgradera kjølerommet
  2. Renovera handikaptoalettet
  3. Oppusssing av trapp og mur ved inngangspartiet

Styret skriv på Facebook at utan denne gåva ville neppe ungdomslaget hatt økonomi til slike utbetringstiltak. Styreleiar Anita Enes rettar ei stor takk til Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad som med denne gåva gjer det mogeleg å få gjennomført desse prosjekta.

Redaksjonen er også kjend med ay Uskedal Musikklag er tildelt ei gåve på kr. 57.000,- til nye instrument. Ei fullstendig gåveliste kjem seinare.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto