– Trur du at du kan skaffa ein sånn adventskalendar til? blei eg møtt med av ein mine mange særdeles gode kollegaer(bildet over) ein morgon på jobben. Saman med andre hadde ho sikra førjulspenninga med å kjøpa adventskalendar.
Forklaringa var at eine guten hennar hadde sett den rike gevinstlista på kalendaren ho hadde kjøpt, og då hadde han spurt mora om ho trudde ho kunne få tak i ein til han og.
Vipps og så hadde denne mangeårige adventskalendarseljaren selt sin første kalendar til ein president! Sjølvsagt ikkje til Biden, Reagen eller Clinton, men sjølvaste russepresidenten dette året, Håvard Bruvik.
Og ikkje stopp med det!! Jammen kom det endå ein kjøpar på jobben i dag!

Historiene over er berre eksempel på den store interessa for årets adventskalendar. Det er tydeleg at den ekstra fyldige gevinstlista blir lagt merke til! Monica Hermann i skulemusikkstyret kan melda om at salget går så det susar, men at det framleis er råd å sikra seg eitt eller fleire eksemplar. Siste salgsdag er sett til 29.november viss ein har igjen kalendarar så lenge.

Viss det er nokon som ikkje har fått besøk på døra, eller ikkje var heime då seljarane kom, kan dei kjøpa kalendar hos Gros Blomster. Den kan også kjøpast digitalt ved å vippsa 100 kr pr. kalendar til #133432 og senda sms om kjøpet til 932 06 254.

De kan sjå den fyldige gevinstlista og les meir om adventskalendaren ved å klikka HER.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.