I år er det 9. året Uskedal skulemusikk sel adventskalendarane som har blitt så populære i førjulstida, Makan til gevinstliste har vi aldri sett!!! For det første er det så mange gevinstar at sjølvaste Julagrano måtte vika den faste plassen sin på kalendaren, og dessutan er det svært mange geinstar av høg verdi. No er kalendaren klar for salg, og vi kan som vanleg kjøpa den hos dei blide musikantane som i år kjem rundt på dørene igjen og hos Gros Blomster. Den kan betalast med kontantar eller vipps nr. 133432. I tillegg kan vi kjøpa den digitalt. Derfor treng ein slett ikkje til Uskedalen for å få kjøpt den. Her har alle muligheten, enten dei er på Sotra, i Kristansand, i Japan eller USA. Ja, den kan gå ut til heile verda!!! Over ser vi to blide musikantar visa fram kalendaren med alle gevinstane.

Aldri har vi sett så fyldig og flott gevinstliste på denne populære adventskalendaren!!

Monica Hermann fortel at styret, musikantar og foreldre er veldig takknemlige for alle som støttar opp om dette tiltaket som er så viktig for drifta av skulemusikken. Det er hovudinntektskjelda til korpset.
– Vi har fått så mange flotte gevinstar både frå bedrifter og privatpersonar. Vi er heilt overvelda og takksame!! Kvar einaste dag i desember fram til og med julaftan blir det i år trekt ut to gevinstar. Det er heilt fantastisk! seier Monica Hermann vidare og legg til at dei også er veldig takksame for at Gros Blomster hjelper til med salget, at Kvinnherad vekstbedrift AS har stått for trykkinga, at uskedalen.no syt for kunngjering av trekkinga og at Auto 88 AS hjelper til med å dele ut gevinstane også dette året,

I tillegg til det vanlege salget i bygda er det også mogeleg å kjøpa kalendaren digitalt. Då betaler ein kalenadaren/kalendarane med vipps 133432. Send samtidig sms til 932 06 254 så får ein tilsendt bilde av kalendaren/kalendarane sine med nummer viss ein ikkje kan gjera avtale om henting. Dermed kan ein følgja med på trekningane som kvar morgon blir offentleggjort. Deretter går alt greitt vidare.

No kan vi begynne å glede oss til førjulspenninga, men aller først kan vi glede oss til blide musikantar kjem på døra for å selge kalendaren med 48 flotte gevinstar. Ekstra mange blir heldige vinnarar i år!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Uskedal skulemusikk, styret.