Det er stor byggeaktivitet i Uskedalen for tida. Det er nybygg og renovering, naust og næringsbygg. I byggefeltet Ospelunden er det aktivitet i ulike deler av feltet, både ytterst ut mot Kleivadalen, oppe i feltet og nede på flata bak eksisterande bygg. Det vert klargjord for ny lausdriftfjøs på Haugland. I sentrum er arbeidet med nytt hus i funkisstil er reist. Ei leileighet på Uskedalen Brygge ligg ute for sal. Det same gjeld for hus i Skårhaug.

Oddbjørn Kroka i Ospelunden fortel til uskedalen.no at det er god aktivitet. Eit hus ytterst i feltet er under bygging. Ei tomt er klargjort for bygging. Lenger inne i feltet er to større einebustader reist og klar for innreiing. Det er gjort klar for bygging av ein tomannsbustad lenger nede i område. Ei tomt er reinska og gjort klar for sprenging.

To einebustader i Ospelunden er reist og vert innreidd. Bilete syner det eine av dei to husa.

Av andre husprosjekt kan vi nemna:

  • Nytt hus på Haugland vert innreidd
  • Ei toppleileghet i Beinavikjo ligg ute for sal på Aktiv Eiendomsmekling
  • Eit hus i Skårhaug ligg ute for sal. Det same gjeld for hus i Padlaporsen. Huset i Geilo er seld
  • Eit fritidshus på Steinsletto ligg ute for sal.


Det er godkjend reguleringsplan for Stølen med bygging av tre 3-mannsbustader. Det er også godkjend reguleringsplan for tomter på Indre Rød i grensa mot Vodlen. Det er kunngjord oppstart av reguleringsplan for hyttenaust og naust i område utom Bøkkerverkstaden. På Holmen føreligg det godkjend reguleringsplan for naust.

Eit eldre hus i sveitserstil på Myklebust vert renovert. Det er gjort klar for påbygg på eit hus, nabo til Eikelandet Brygge. Det vert arbeidd med å få bygd naust i Beinavikjo.

Dersom det er interesse, er det klart for bygging av leilegheter på Stølen

Uskedalen.no gjer merksam på at oversikten ikkje er fullstendig. Det vil alltid vera arbeid og renoveringsprosjekt vi ikkje kjenner til.

Nytt hus i funkisstil kjem opp på tomta der Anders Bringedal i si tid dreiv butikken Lundheim.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal