Stor byggeaktivitet i Uskedalen
Det er stor byggeaktivitet i Uskedalen for tida. Det er nybygg og renovering, naust og næringsbygg. I byggefeltet Ospelunden er det aktivitet i ulike deler av feltet, både ytterst ut mot Kleivadalen, oppe i feltet og nede på flata bak eksisterande bygg. Det vert klargjord for ny lausdriftfjøs på Haugland. I sentrum er arbeidet med nytt hus i funkisstil er reist. Ei leileighet på Uskedalen Brygge ligg ute for sal. Det same gjeld for hus i Skårhaug.
Oddbjørn Kroka i Ospelunden fortel til uskedalen.no at det er god aktivitet. Eit hus ytterst i feltet er under bygging. Ei tomt er klargjort for bygging. Lenger inne i feltet er to større einebustader reist og klar for innreiing. Det er gjort klar for bygging av ein tomannsbustad lenger nede i område. Ei tomt er reinska og gjort klar for sprenging.
Av andre husprosjekt kan vi nemna:
- Nytt hus på Haugland vert innreidd
- Ei toppleileghet i Beinavikjo ligg ute for sal på Aktiv Eiendomsmekling
- Eit hus i Skårhaug ligg ute for sal. Det same gjeld for hus i Padlaporsen. Huset i Geilo er seld
- Eit fritidshus på Steinsletto ligg ute for sal.
Det er godkjend reguleringsplan for Stølen med bygging av tre 3-mannsbustader. Det er også godkjend reguleringsplan for tomter på Indre Rød i grensa mot Vodlen. Det er kunngjord oppstart av reguleringsplan for hyttenaust og naust i område utom Bøkkerverkstaden. På Holmen føreligg det godkjend reguleringsplan for naust.
Eit eldre hus i sveitserstil på Myklebust vert renovert. Det er gjort klar for påbygg på eit hus, nabo til Eikelandet Brygge. Det vert arbeidd med å få bygd naust i Beinavikjo.
Uskedalen.no gjer merksam på at oversikten ikkje er fullstendig. Det vil alltid vera arbeid og renoveringsprosjekt vi ikkje kjenner til.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal