
Stor aktivitet og mykje godt arbeid er gjort på Stemneplassen i 2024.
Kristin Bringedal held fram som styreleiar i Uskedal Friluftslag. Med seg i styret har han: Audun Eik, Jofrid Eik, Åse Neset og Ove Magne Myhre. Varamedlemer: Steinar Kroka og Geir Eidsvik. Tormod Myklebust sa frå seg attval. Styret har hatt 11 faste styremøte i tillegg til årsmøte. Det har vore drøfta og gjort vedtak i 39 saker. Frå årsmeldinga skriv vi:

- Prosjektet Vegsikring, P plass og asfaltering er langt på veg fullført. Det vantar veglys
- Veglomme som sikrar ei betre utkøyring til kommunal veg
- 8. mai markering med inviterte gjester og avduking av namneplate Torger Olsen Feet. Tilbod til klassane på Uskedal skule
- Vedlotteri
- Friluftskonsert
- Dugnader med klargjering til 17. mai
- Ny komfyr og ny datamskin til skrivar
- Kiosksal på 17. mai og på Skårhaug Opp
- Arkivet er teke i bruk. Møte med brukarane om tildelt plass
- Lysmarsj og Nissekasse på Skårhaug
- Markering: Opning av P plass
Neste no er veglys på parkeringsplassen og sikring av murkant ved naboen Siren Simonnes.

Friluftslaget takkar for god støtte i året som gjekk. Takk til Dugnadsgruppa for hjelp.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal