Uskedalselva saman med 12 andre elvar på Vestland fylke er stengt for fiske på ubestemt tid. Årsaka er lite fisk. Det er stopp i fiske for laks og sjøaure frå kl. 24 natt til sundag. Dette er informasjon som kjem fram på Miljødirektoratet sine sider. Stopp i fiske gjeld også elvar i Austfold, Agder, Rogaland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Etter planen skulle Uskedalselva opna 1. juli. Det er difor litt uklart det som står at elva stengjer før ho eigentleg er opna. Uskedalen.no vil koma tilbake med innlegg når vi veit meir om årsak og verknad.

kb