I går kveld hadde 3.- og 4.klassen ved Uskedalen skule stjernekveld ved Fjellandsbøvatnet. Det vart ei kjekk og lærerik stund, der elevane fekk vist kva dei har lært om planetane, stjernebileta og verdsrommet den siste tida.

3.- og 4.klassen ved Uskedalen skule har den siste tida arbeidd med Solsystemet, planetane og verdsrommet som tema. Dei har mellom anna laga alle planetane i solsystemet vårt, skrive faktatekstar om desse, og lært namna på dei ulike stjernebileta vi finn på himmelen. I tillegg har dei leita etter sine eigne stjerneteikn.

Tysdag kveld arrangerte dei stjernekikkekveld ved Fjellandsbøvatnet. Her vart, i tillegg til føresette i 3.- og 4.klassen, alle elevane i 5.klassen invitert sidan dei ikkje fekk gjennomført ein slik kveld sist år. På formiddagen baka elevane rundstykke, som dei seinare smurde på, slik at alle elevane fekk kvar sine til kveldsmat. I tillegg vart det fyrt i bålet, slik at dei som ville kunne grilla seg pølser.

Vi hadde med eit par stjernekikkertar som vart nytta flittig, men like bra vart det når mørket seig på og dei ulike stjernebileta og planetane vart klarare og synlegare. Kvelden vart avslutta med at vi fekk oppleva at månen lyste opp fjellsida på motsett sida av vatnet, før den steig sakt opp over Gråfjell.

Ein lærerik temaperiode fekk ei strålande avslutning rundt det flotte Fjellandsbøvatnet denne kvelden. Tusen takk for lånet av gapahuken og bålplassen!

Tekst/nett: Odd Steinar Arnesen
Foto: Silje Øye