Stig Berge-Soldal sluttar som rektor - går til Fagne i Odda.
Stig Berge-Soldal har vore rektor på Husnes ungdomsskule i 3,5 år. Før det var han rektor i Uskedalen. Berge-Soldal har sagt opp stillinga i Kvinnherad kommune og alt 1. april er han på plass i ny jobb, som områdeleiar for Fagne i Odda. Fagne er nettselskapet til Haugaland Kraft. Stig Berge-Soldal har pedagogisk utdanning og var lærar nokre år før han i 8 år hadde arbeidet sitt i livbåtbransjen, som leiar for helse, miljø, sikkerhet og kvalitet. Det er Grenda som skriv om dette i torsdagsavisa i denne veka.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Grenda