Den sterke vinden og sjøen frå vest sundag kveld påførte gangveg og pullert skader i Uskedal Båtlag si hamn. Det var på innsida av bylgebrytaren ytterst i hamna , på plassen der seglbåten STORM og Sjøtroll sin båt ligg. Sjølv om det må reknast som mindre skade, ser vi at det er sterke krefter på gang i det veret som har vore dei siste vekene.

Det var føraren av Sjøtroll sin båt som merka skaden då han kom på plassen måndag morgon.Gangvegen er vridd og slegen skeiv. Pullerten er påført skade, noko som syner at det har vore kraftig rørsle sidesvis. Sjølve gangflata er slegen laus.

Tilsynsmann, Jan Henrik Hansen, syner og fortel at skaden ikkje vert rekna som ei forsikringssak. Dyktig medlemer rettar opp i dette på ein dungad ved demontering, skruing og retting av aksling.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal